Inclusion, Høgskulen i Volda og Volda kommune med kick-off for mentorprogram for flyktningar

Inclusion, Høgskulen i Volda og Volda kommune hadde kick-off for det nyutvikla mentorprogrammet for flyktningar – «Jobbementor» på Kaarstadbygget ved Høgskulen i Volda 4.oktober. Det var bortimot heilt fullt i lokalet.  Reidun Aambø og Magnar Hjertenæs frå Høgskulen hadde innlegg knytta til tydingar og mistydingar, kommuniasjon og dialog. IMDI var også til stades. Morten Sonniks frå IMDI informerte om IMDI og korleis dei jobbar for å få fleire med innvandrarbakgrunn inn i arbeidslivet. Fattallah Awad deltok også og fortalte om korleis han hadde fått til å gå frå flyktning i Syria til butikksjef på Coop Prix i Volda på 3,5 år. Paul Bø frå Inclusion og Gunnar Andenes frå Volda Læringssenter informerte om det nye mentorprogrammet for verksemder i Ørsta og Volda som har flyktningar i språkpraksis.

mentorordning flyktninger jobbmentor.no
Mentorordning for flyktninger